Vemund Eskevik skåra to nye mål i kveld då Stegaberg vann 3-1 over vedavåg 2. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Vemund Eskevik skal vere aktuell for Vard. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Kampfakta Sauda – Stegaberg

Stegaberg vann i kveld toppkampen mot sauda på bortebane. To flotte mål og godt keeperspel redda Stegaberg.

Etter ein heller svak 1. omgang var det eit heilt «nytt» Stegaberg-lag som kom ut etter kvilen.

– Me speler ein kjempebra 2. omgang og presser dei tilbake. Me skårar eit par flotte mål og vinn heilt fortent. dei har ein kjempesjanse heilt på slutten, som Kristian Storesund reddar og slår i tverrliggaren. Ein kjemperedning, men det var det dei klarte å prestere i spurten, sier trenar Thormod Ness.

Dermed auka Stegaberg leiinga på toppen av 5. divisjonstabellen til sju poeng til Sauda.

– Me snakkar ikkje om tabellen og har sagt at me er nøgde med ein topp fem plassering.  I dag må eg få takke spelarar som Dag Frode Tønnesen, Sveinung Hellerslien og Torbjørn Steinsland at dei blei med, til tross for både gifteplanar og at ein har lagt opp. Sauda ville ikkje flytte kampen, og då var det ekstra herleg å slå dei på bortebane.

Nå ventar to timar i buss, men med pizza og mykje godt humør.

Faktaboks

Sauda 1(1)

Stegaberg 3 (0)

4. div. avd. 3

1-0 Jone Hustveit (12)

1-1 Kristoffer Askeland (58)

1-2 Vemund Eskevik (66)

1-3 Ådne Nærheim (74)

Domar: Tony Liestøl, Haugar