Ein må faktisk tilbake til den gongen det ikkje var allemannsrett å kjøre bil på norske vegar, for å finne liknande tal.
Det er fleire grunnar til den positive utviklinga, både betre vegar og trafikkampanjar ser ut til å hjelpe.
Likevel er det eit forferdeleg etterslep langs dei norske vegane. Svært mange av tipsa som kjem til oss går på dårlege vegar, dårleg sikring og lite tilrettelagt for mjuke trafikantar. Det blir påpeika at det er ei sykkelbølgje over landet, noko som ikkje harmonerer med korleis norske vegar er laga.
For oss på Haugalandet er det ikkje muleg å unngå at det skjer utbetringar i desse dagar. Kjører ein strekninga Haugesund – Haukeli vil ein sjå at om kort tid vil fleire farlege flaskehalsar vere vekke.
Betre vegar er udiskutabelt eit tryggingstiltak. Likevel blir det oss bak rattet som er det farlegaste elementet i trafikkbilete. Legg ein så den menneskelege faktoren i dei mjuke trafikkantane, så har ein plutseleg eit svært komplisert bilete. Det er ei stor utfordring for dei som skal planlegge norske vegar. Omsynet til det komplette trafikkbilete handlar ikkje berre om kor fort ein kan kjøre frå A til B. Det handlar like mykje om kor mange «mjuke» hindringar ein treff langs vegen.
Nå når me går mot sommarferie er Trygg Trafikk ute og minner oss om å ta det med ro i sommartrafikken. Det er månadar med dårleg statistikk langs våre vegar. Ferie betyr ikkje at me tar det med ro. Ferie betyr turistar langs vegen som ikkje er lokalkjent, og som difor ikkje kjenner til lokale kjøremønster. Ferie betyr død langs mange norske vegar.
Spørsmålet me alle bør stille oss er om me vil bidra til at dødstala skal halde seg låge, om me tar oss den tida som trengs for at trafikken skal flyte, eller om me stoler på at alle andre gjer det.
For Trygg Trafikk er redd låge tal blir ei sovepute, at det ein har tatt til seg av informasjon forsvinn like fort ut av hovudet, som det kom inn.
I Rogaland mista ingen livet i mai. Så langt i år har me hatt ei dødsulukke i vårt fylke.
La låge tal bli ein standar. Så kan me samstundes stille krav til vegmyndigheitene om at betre vegar gir betre resultat.
Eit anna moment i reduksjonen er UP sitt nærvær. Ei av verstingstrekka er frå Arsvågen til Aksdal. Me kan garantere at dei vil stå der og måle deg, også denne sommaren. Ta det med ro og bruk feriepengane på noko anna enn bøter.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør