Olav Runestad skåra fem mål på under ti minutt i kveld. Her frå kampen mot Stegaberg og tormod Kydland tidlegare i vår. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Olav Runestad skåra fem mål på under ti minutt i kveld. Her frå kampen mot Stegaberg og Tormod Kydland tidlegare i vår. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Seks Nedstrand-mål på ni minutt

Nedstrand knuste i kveld Bømlo 7-1. Grunnlaget blei lagt med seks mål frå det 11. og 20. speleminutt i førsteomgang.

Da var det god stemning på stadion i Nedstrand. Olav Runestad sto for fem av måla. Rikard Aksland nummer seks. I andreomgang auka Bjarte Fitjar til 7-0 før gjestane frå Bømlo fekk eit trøystemål.

I 5. divisjon vann Ølen lett 7-0 over eit blodfattig Vedavåg 2, som knapt kunne stille lag.

Kopervik 2 – Leirvik slutta 1-3.

5. divisjon er da:

5. div. avd. 3

Stegaberg 9 24

Ølen 9 17

Sauda 9 17

Leirvik 9 17

Ferkingstad 9 16

Nord 9 12

Etne 9 11

Falkeid 9 10

Karmsund 9 8

Vedavåg 2 9 7

Skånevik IL 9 7

Kopervik 2 9 7

Stegaberg 2 møter Ferkingstad 2 på Frakkagjerd tysdag klokka 20.00