Dette er ei svært viktig sak som kan komme til å påvirke framtidas generasjonar i lang tid.
Å belyse dette er svært viktig! Eg skal innrømme at eg i utgangspunktet var litt skeptisk, men kom med åpent sitt og ville ha informasjon. Eg kan være enig med eit uttrykk som kom fra salen at det blei vell mykje om tvistesak mellom Raunes Fiskefarm og AfDecom. Men eg vell og å tru at engasjementet til Jacob Hatteland kjem av frykten for miljøet i heimbygda hans og ikkje berre rolla han har i fiskefarmen, og det har eg ingen problem med å forstå.
Det som er eit problem for oss utanfor denne tvistesak er kven kan me stole på? Kva målingar stemmer?, er nokon kjøpt og betalt? osv…
Det er klart me alle blir berørt og redde, når ein snakker om kvikksølv i fisk og sjøliv som me kanskje ikkje ser noko konsekvens av før om 15-20 år, om det da er slikt i fisken. Men våger me å ta sjansen?
Eg har tiltro til at begge sidene prøver å fortelle oss sannheten, men dei må ha respekt for vår skepsis og.
Det som skapte den største bekymringen hos meg var skjærebrenninga som blei utført utandørs og ga luftbåre støv som me ikkje heilt vett kva inneheld. Dette hamnar i sjø, og jord, altså kan bli tatt opp i både fisk, bær og grønnsaker, om det inneheld noko farlig da….
AfDecom hadde nok tjent masse på å kjempe om å bli den beste i klassen, med å gjennomført denne jobben innandørs, banebrytende arbeid som kunne gjort dei til ledande og miljøvenlege langt utanfor landets grenser.
Me fekk og vete at dei hadde redusert dette utandørs arbeide med mange prosent allerede, så da må vell målet være å klare alt innandørs?
Ein ting eg ikkje er klar til å tillate er at ein skal begynne å demontere og jobbe i sjøen, skal me ha noko som helst kontroll med dette, må det på land!
Å at det ikkje er mulig å demontere store konstruksjoner på land, kjøper eg ikkje, desse store konstruksjonane blei i si tid montert saman, å da må dei og kunne bli demontere på land. Eg jobba på Umoe i si tid å bivåne både Visund og Troll plattformene bli monterte, klart det var ein stor operasjon, men det blei gjort på land!
Så konklusjonen er:
Alt er mulig, det tar berre litt lengre tid!
Og kostar nok litt meir….
Men, har me råd til å la være?
Torunn Vestbø Gjerde
Gruppeleiar i Tysvær venstre