– Det var ein solid motstandar som var jamne over heile banen. Me blei straffa fordi me ikkje kom oppi mostanderane, og fordi for mange ikkje hadde dagen. Me måtte gjere ein del rokkeringar undervegs, og det slo ikkje heldig ut, seier trenar Thormod Ness.
Kom seg
Midvegs i 2. omgang vakne Stegaberg litt til liv. Dag Frode Tønnesen sendte i veg eit frispark Ølen-keeperen feilrekna og slapp i eget mål.
– Me burde kanskje gjort nokre grep då. Dag Frode burde kanskje vore flytta bak igjen, og eg vurderte også å komme inn sjølv. Men om det blir eit poeng, eller null mot Ølen, har kanskje ikkje så mykje å seie. Me gjekk for siger, men fekk svi mot slutten, seier trenar Ness.
Utan midtbane i store delar av kampen og me ukonsentrert forsvarsspel, spesielt på høgresida i 2. omgang straffa heimelaget gjestane og viste kvifor dei er oppe på 2. plass. Dei var gode i alt Stegaberg var dårlege i, og i kveld var det meir enn nok.
Stakland comeback
Vegard Stakland kom inn omlag 20 minuttar før slutt. med lite treningsgrunnlag klarte han ikkje å sette noko preg på kampen. Men saman med Mandius Vårvik klarte han uansett å heve nivået.
– Eg blei spurt om å vere med denne gongen for det var litt lite folk. Har dessverre ikkje fått trent og det var tungt utpå der. Eg har ei kone som jobbar skift og ein liten unge. Eg veit ikkje kor mykje eg kan vere med, men det er kjekt, og det er spanande nå som Stegaberg gjør det så bra. Så me får sjå kva som skjer framover, seier Stakland.
Ferkingstad møtte Nord i kveld. Det endte 2-2
Kampfakta
Ølen 3 (1)
Stegaberg 1 (0)
5. div. avd. 3
Ølen stadion
1-0 Rune Torstensbø (30)
1-1 Dag Frode Tønnesen (67)
2-1 Martin Vestbø (72)
3-1 Petter Nordskog (75)
Domar: Rolf Magne Kristiansen, Vedavåg
Tilskodarar: 75