Nokre av dei lokale tilsette som har komme til siste året: Frå venstre er Gjermund Waage, Øystein Nilsen, Svein Tore Jensen, Stian Hoen, Sissel Bådsvik og Claudio Saavedra. Bak står Jan Wiggo Øfelt, Ole Helvik og Ellen Kvinnesland. Det er også ein del polske arbeidarar på prosjektet, gjennom søsterselskapet til Kaefer, «Global Work».
Nokre av dei lokale tilsette som har komme til siste året: Frå venstre er Gjermund Waage, Øystein Nilsen, Svein Tore Jensen, Stian Hoen, Sissel Bådsvik og Claudio Saavedra. Bak står Jan Wiggo Øfelt, Ole Helvik og Ellen Kvinnesland. Det er også ein del polske arbeidarar på prosjektet, gjennom søsterselskapet til Kaefer, «Global Work».

Endeleg på eigne bein

– Det er fantastisk å bu i eiga leilegheit.
Etter å stått på venteliste i fleire år, har Daniel (20)
endeleg fått seg sin eigen bustad.

– Hei, velkommen til meg.Ein strålande blid Daniel Østrem Gaupås tar imot oss på parkeringsplassen utanfor den nye leilegheita si på Hamrane.

– Hei, kva heiter du?

Me er ikkje komme langt før me blir stoppa av ivrige naboar som lurer på kven Daniel har fått på besøk…

Tett i tett bur dei, åtte venner med ulik form for funksjonshemming. Fleire av dei hadde venta lenge før dei fekk sin eigen bustad, deriblant Daniel. Han er ein av dei 16 som Bygdebladet fleire gonger har skrive om dei siste åra, som stod på venteliste for ein plass å bu. 1. mars blei draumen hans oppfylt; Daniel fekk tildelt ei omsorgsleilegheit og kunne endeleg flytte for seg sjølv.

Sjølvstendig

– Her er gangen, der er badet, bod, soverommet, stua og kjøkken, seier 20-åringen og peiker.

Me får ei omvisning i den lyse og koselige leilegheita. På veggane heng bilde, ordtak og kart. Her og der er også innslag av fotballvimplar, medaljar og skjerf. I hyllene står pynt, fotballpokalar, dvd-ar og cd-plater.

– Kven er det som har stått for innreiinga da, Daniel?

– Det er meg det, kjem det resolutt.

Han liker å fikse ting sjølv. Vere sin eigen herre og bestemme korleis han skal ha det. Og ikkje minst så liker han å halde orden sjølv.

– Her er det eg skal vere med på saman med fotballaget mitt, Djerv 1919 framover, her er det friluftsgruppa skal i sommar, dette er vekeplanen min over middagar…

Daniel fortel ivrig om det travle programmet sitt og viser oss alle skjemaa sine. Han er med på det meste… så travelt har han det, at det er vanskeleg å sjå for seg korleis døgnet hans har nok timar.

– Det er kjekt. Eg liker å vere ute, gå turar og finne på ting. Vere med andre, så elskar eg å spele fotball, fortel han blidt.

Les heile saka i papiravisa