Okersol er ute med ny plate. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Okersol er ute med ny plate. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Sommaravslutning med Okersol

Det er snart sommar og då passar det godt å runde første del av lunsjkonsertane våre med Okersol.

Av Alf-Einar Kvalavåg

Fredag serverer med den sjette gratis lunsjkonserten i Tysværtunet. Kafeen er rigga for Okersol, denne gongen som kvartett. I tillegg til Anita Wannberg Helgeland, Oddvar Helgeland og Håvard Helgeland, kjem også Knut E. Nordbotten. Dermed set Nedstrand-baserte Okersol også rekord i talet på musikantar på scena i kafeen.

– Me kjem til å presentere nye ting, men også fleire av våre kjende songar. Me har dei siste månadane vore i studio og spelt inn det me håper skal bli ein CD like etter sommaren. Akkurat nå har me ute ein singel, som berre finst på nett. Den heiter «For deg», og er det me kan kalle ein typisk Okersol-song, seier Anita W. Helgeland.

Suksess

Okersol har hatt lokal suksess med sine tidlegare utgivingar og konseptet dei fire tar med seg til lunsjkonserten, bør passe eit stort publikum, sjølv midt på dagen.

– Me har funne vår stil og me er tru mot den

– Me har funne vår stil og me er tru mot den. Denne konserten blir også ei oppvarming før konserten me skal ha på «Slusedagen» helga etter. Det har ikkje vore så mange livekonsertar med oss den siste tida, men lunsjkonserttilbodet det ville me være med på. Fint at det er ein lokal scene kor lokale artistar kan vise kva dei driv med, seier songaren og tekstforfattaren frå Frakkagjerd.

Lunsjkonsertane har vore ein suksess for både Tysværtunet kulturhus og Tysvær Bygdeblad. Mellom 30 og 80 personar har slått seg ned i kafeen, kjøpt ein kopp kaffi og kost seg med litt lett formiddagsmat akkompagnert av svært mykje bra musikk.

Ledig scene

Etter sommarferien er me tilbake i slutten av august med «Embla», som også har vore i studio. Vokalgruppa frå Førland opnar dermed haustsesongen.

Me har noko ledig scenetid, så om det er band eller soloartistar der ute som har lyst til å prøve seg, er det berre å ta kontakt. Konseptet er og skal vere heilt gratis, og etter responsen og dømme, så var dette noko folket ville ha.

Konsertane er ein del av Tysvær Bygdeblad sitt 40 årsjubileum, som også skal markerast på Aksdal Senter den 27. juni. Då kjem Svampe Bob og blir med på ein skikkeleg bursdagsfest med kake, konkurransar og anna moro.

Fredag er også opningsdagen av årets «Midtsommarfest» i Tysvær.