På jakt etter grønsaker i generalsponsorens hyller. Frå venstre: Sigmund Lier, Geir Rasmussen, Birge Nymar og Alf Edvin Hovda.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
På jakt etter grønsaker i generalsponsorens hyller. Frå venstre: Sigmund Lier, Geir Rasmussen, Birge Nymar og Alf Edvin Hovda.

Vil ha sunne kokkar

Liker du å lage sunn mat, så kan SunnMat festivalen vere noko for deg. Nå jaktar ein på finaledeltakarar frå Tysvær.

Av Alf-Einar Kvalavåg

SunnMat festivalen er på Rådhusplassen i Haugesund 3. – 5. august, då skal dei 19 kommunane som ligg under Helse Fonna, konkurrere om kven som kan lage den beste og sunnaste middagen med dessert.

– Dette er ikkje ein profesjonell konkurranse, men me jaktar på deltakarar som brenn for å nytte seg av sunn, lokal og kortreist mat. Me veit det er mange der ute som driv med dette, og sjølv om fristen er kort håper me å få fatt i desse. Mitt mål er at ein klarer å samle kandidatar i Aksdal, slik at me får eit finalelag frå Tysvær, seier prosjektleiar Geir Rasmussen.

Viktig

Tysvær-politikar Sigmund Lier er ein som brenn for dette, og som nå håper at ein skal få eit fokus på sunnare matvaner i barnehage og skule i kommunen.

– Dette arrangementet som «Folkets gave» står bak, kan skape den blesten rundt dette som me treng, for å komme skikkeleg i gong med betre matvaner  blant dei yngste i kommunen vår. Me veit i dag at mange barn og unge ikkje får skikkeleg mat i løpet av ein lang dag, enten i barnehagen eller på skulen. Matpakkar forsvinn i søpla og blir bytta ut med boller og brus. Derfor engasjerer eg meg nå for å få fokus på dette, seier arbeidarpartipolitikaren.

Med seg på laget har han fått Birge Nymark, som gjennom butikken sin Meny Aksdal er hovudsponsor for arrangementet.

– Me må få til å gjennomføre ein delfinale her i Aksdal der me hentar ut eit vinnarlag, som me kan sende til byen i august. I vår butikk får me eit stadig betre utval av slike varer som det her blir oppfordra til å bruke i kosthaldet. Derfor var det heilt naturleg å vere sponsor for dette, seier butikkeigaren.

– Kva er årsaka til at det stadig blir meir frukt og grønt i butikken?

– Det er to ting. Meny-kjeden har eit fokus på dette. Det same har kundene våre. Dei spør etter stadig meir grøne, økologiske og sunne alternativ. I tillegg vil dei ha meir fisk. Dette har me bygd opp over tid, og har i tillegg kokkar som kan gi gode råd, for dei som vil legge om kosthaldet, seier Nymark.

Musikk

Dette er musikk i øyrene for Rasmussen, som er sentral i kokkelauget på Haugalandet der han er oldermann. Han er også engasjert i kokkeundervisninga som er i den vidaregåande skulen i Haugesund.

– Tilgangen på gode råvarer har mykje å seie. Det same gjeld kunnskap. Me håper og trur at lokale leverandørar skjønar dette og stiller opp under festivalen. Me har allereie fleire av dei store med på laget. Ein skal rigge til boder og stands, slik at heile Rådhusplassen bokstaveleg talt skal bogne over av sunne matprodukt. Og oppe i alt dette skal vi altså ha ein kokkekamp, seier prosjektleiaren.

Alvor

Sjølv om festivalen skal vere ein gladdag med mange gode smakar, så er det meir alvor i tanken bak heile prosjektet. Det handlar om kva me puttar i oss.

– For oss politikarar er dette noko me må ta langt meir på alvor enn tidlegare. Me ser slappe og trøytte elevar i klasseromma, og ikkje alle har eit kosthald som gir næring til ein hektisk dag. Det kan vere freistande å seie me vil ha betre resultat i skulen, men det hjelp ikkje om ungane våre er tomme for krefter allereie tidleg på dagen. Me er nøydt til gjere noko med kosthaldet i skulen, og det kjem garantert til å vere ein av sakene eg vil fronte i valkampen, seier Sigmund Lier.

Folkehelseprosjekt er noko av det «Folkets gave» støttar og dagleg leiar i stiftinga Alf Edvin Hovda ser på sunne prosjekt som noko dei vil støtte.

– Inntektene me får av denne festivalen skal gå tilbake til prosjekt som me støttar. Kosthald blir meir og meir synleg som noko ein må ha fokus på i framtida. Me er svær glade for engasjementet til Geir og dei andre i komiteen, og spesielt glad for at ein så stor butikk som Meny Aksdal stiller som generalsponsor, som me kallar det. Det er mykje som skal på plass for å endre eit mønster, og me ser at om folk skal endre kosthaldet, og få ein helsegevinst, så må me begynne hos dei yngste. Derfor er også vår oppfordring til tysværbuen at dei må melde seg på kokkekampen, stille lag og lage blest om dette positive prosjektet, seier Hovda.

– Me har kort tid, men skal gjere eit stunt og få til ein Tysvær-finale lovar, Nymark og Lier, utan at dato for denne delfinalen er heilt på plass.