Svein terje Brekke opna årets Midtsommarfest i kveld. I to veker skjer det noko over heile Tysvær. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Svein terje Brekke opna årets Midtsommarfest i kveld. I to veker skjer det noko over heile Tysvær. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

«Festen» er i gong

Leiar av Midtssommarfestkomiteen, Svein Terje Brekke er glad både for at somaren er kommen og at festen er i gong.

– Det har vore dagar i det siste kor eg har tvila litt på heile somaren, men nå er den kommen. Dermed har me fått den ramma me ville ha rundt årets Midtsommarfest. I år er det fleire jubilee som skal markerast dei neste vekene. Me har også lagt vekt på å skape mange treffpunkt kor folk kan møtast og oppleve ting i saman. Eg håper alle får gode opplevingar dei neste to vekene, sa Brekke i sin opningstale.
Full program finn ein i Midtsommaravisa, som kom i postkassane denne veka.
Omlag 80 personar var møtte fram i kulturhuset for å få med seg både opninga av Midtsommarfesten, og Olav Nygaard si kunstutstilling.