Oddvar Helgeland, Knut E. Nordbotten, Anita W. Helgeland og Håvard Helgeland serverte det beste fra Okersol under dagsnes godt besøkte lunsjkonsert. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Oddvar Helgeland, Knut E. Nordbotten, Anita W. Helgeland og Håvard Helgeland serverte det beste fra Okersol under dagsnes godt besøkte lunsjkonsert. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Okersol heilt i 100

Folket ville ha Okersol til lunsj, og bandet serverte. Over 100 kom på sommaren siste lunsjkonsert.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Det blei gjenhøyr med både gamalt og nytt då Anita W. Helgeland og hennar gitarspelande menn var våre gjester i dagens lunsjkonsert.
I ein halvtime spelte kvartetten songar som har gjort dei til både radiofavorittar og til svært så populære musikantar i heimkommunen.
– Så kjekt at så mange ville komme og høyre på oss. Håper dette fell i smak, sa Wannberg Helgeland før bandet gjekk i gong på scena i kafeen.
Og folk likte det dei fekk servert. God stemning og nikk i salen viste at dette var kjent og kjært for mange av dei over 100 frammøtte.
Det var kjente songar som «Klem» og «Fine ting» og den nye «For deg». Med trommer og bass på «boks» blei det ein skikkeleg konsert ut av det heile.
På scenen var Knut Edvin Nordbotten, Håvard Helgeland, Oddvar Helgeland og Anita W. Helgeland.
Neste gratis lunsjkonsert bli i slutten av august, då kjem Embla på besøk.