Opplesing i Rossadal under årets Cleng Peersonmarsj. Foto: Vidar Aarhus
Opplesing i Rossadal under årets Cleng Peersonmarsj. Foto: Vidar Aarhus

Fekk fram dramatikken

Skodespelar Torfinn Nag greidde å få fram dramatikken i avgjerda om å selja alt dei eigde, seia farvel fil slekt og vener og – og i visse om at dei aldri kom attende – gi seg ut på ei ferd ingen visste korleis ville enda. Cleng Peerson marsjen blei ein suksess.

«- Slik må folket i Rossadal og Hersdal ha kjent det i 1825 då dei gjekk vegen frå gardane sine mot Hesthammar og Kårstø kai der Slogvikjekta tok dei med til Stavanger og «Restauration» som tok dei over havet, forklarte Nag.
55 turgåarar var med, god stemning, og Falkeid sine håndballjenter serverte varme pølser og forfriskningar ved Gamle Hesthammar skule.
Ein ekstra dimensjon var det at Olav Hauge, son til forfattaren av trilogien om Cleng Peerson, Alfred Hauge, var med på årets marsj. i Tillegg hadde vi besøk heilt frå Alaska.

Tekst og foto: Vidar Aarhus