Av Vidar Aarhus
I år hadde Tysvær historielag invitert John S.Tveit (Kr.F.) som var ordførar i Tysvær frå 1968 til 1975. Dette var viktige år i oppbygginga av «nye» Tysvær kommune etter kommunesamanslåinga i 1965.
Etter «Alle fugler» ( alle skuletimar byrja jo med song) fortalde ein engasjert,vital og entusiastisk John S. Tveit om krevjande oppgåver som blei løyst med pågangsmot, kreativitet og vilje til å få ting gjort,- fort !!
Som då ein skulle skaffa vatn til ny styrarbustad i Tysværvåg. Boreholet var tørt.
Den nye skulen hadde jo fått godtkjent vatn. Kor langt er det mellom det planlagde husværet og skulen? Den unge ordføraren tok sparkstøttingen fatt over skummel sjøis og målte avstanden til 900 meter med 100 m tau.» La dette fram i formannskapet og vi kjøpte ledning. På den måten fekk vi bustaden ferdig ! »
Elles var det latter og applaus over måten ein løyste krevjande oppgåver på enklaste vis med så godt som ingen kommunal adminstrasjon. Noko å tenkje på for vår tids byråkratar?

Hesthammer skule + Midtsommarfest = Sant
I år som tidlegare år ; full skulestove med engasjerte og interesserte – mest lokale – tilhøyrarar.