Falkeid og trenar Eivind Eidhammer gjekk på stortap på Karmøy. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Falkeid og trenar Eivind Eidhammer gjekk på stortap på Karmøy. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Ikkje betre for Falkeid

Det blei ein dårleg fotballkveld for Tysvær. Stortap på Karmøy for Falkeid, som måtte sjå at Vedavåg 2 vann 6-0.

Allereie etter eit minutt skåra heimelaget og gav seg ikkje før det var 6-0. Vedavåg 2 skåra tre mål i kvar omgang og ligg nå likt med Falkeid tre poeng over nedrykkstreken.
Vedavåg 2 stilte med eit svært sterk mannskap mot Falkeid. Tremålskårara Leif Johan Johannessen og Hein Olaf Horn Haringstad skåra også mot Torvastad i 4. divisjon nyleg, og blir garantert å finne på banen også mot Skjold på fredag.

Andre kampar i kveld:
Leirvik – Karmsund 6-0 (Espen Vaka 2, Bendik Hystad, Rune Buckvold, Christian Myklebust og Jørgen Belt)
Skånevik – Kopervik 2 1-1

Faktaboks

Vedavåg 2 6 (3)
Falkeid 0 (0)
5. div. avd. 3
Sletten
1-0 Leif Johan Johannessen (1)
2-0 David Rasmussen (13)
3-0 Ruben Vedøy (41)
4-0 Hein Olaf Horn Haringstad (55)
5-0 Leif Johan Johannessen (60)
6-0 Leif Johan Johannessen (75)
Domar: Tommy Lothe, Ølen