«- Eg veit ikkje kva me skal gjere. Dette er berre trist og heilt håplaust. Spelarane responerar dårleg på det me har snakka om og det var heilt klart ein del av spelarane som tok alt for lett på det i dag. Me skulle ut og få eit tidleg mål. Det klarte me. men så skulle me kjøre på og punktere kampen. det klarte me ikkje og til slutt gav me vekk to poeng. Dette var berre trist, seier trenar Bjørn Arne Steinsland.
Han kunne glede seg over at Vebjørn Rullestad vippa inn 1-0 etter ein Jonas Sturland corner etter berre sju minutt. Så var det eit par halvsjansar, men elles svært lite som skjedde i 1. omgang.
I 2. omgang scora Ruben Sirevåg på gjestane sin første skikkelege sjanse.
Så smalt det
– Eg fekk eit innlegg, dempa ballen på låret og dro til. Den suste i mål, gitt, smiler Espen Helgeland, før han blir alvorleg.
– Å gi vekk poeng her er heilt håplaust. Me klarte ikkje å etablere noko spel, og det florerte med dårlege val og feilpasningar over heile banen. Dette er eit lag som alle har slått. Me klarte det ikkje sjølv om dei berre var ti mann i store deler av 2. omgang, seier Helgeland.
– Fredag er det kamp mot topplaget Vedavåg. Kva tenkjer du om det?
– Speler me slik som i dag feiar dei oss ut på havet. Me har vist at me gjer det bra mot dei beste og det må me også denne gongen. Alt kan skje, men me må vere så ærlege å innrømme at me per i dag er eit botnlag. Kjipt, for me kan så mykje betre, seier Helgeland.
På overtid fekk Randaberg 2 ein stor sjanse som Gottfred Lindemann redda meisterleg. Men like etter svikta markeringane på ein corner og poengrøveriet var eit faktum.

Res. 4. div. avd. 3
Sola 2 – Hinna 2-2
Kampfakta
Skjold 2 (1)
Randaberg 2 2 (0)
4. div. avd 3
Grinde stadion
1-0 Vebjørn Rullestad (7)
1-1 Ruben Sirevåg (53)
2-1 Espen Helgeland (56)
2-2 Håvard Næss (90)
Domar André Birkeland, Djerv 1919
Tilskodarar: 50