Dette var ein ny «måttevinnekamp» for Stegaberg 2. Og det såg lyst ut då Lars Erik Kolstø skåra etter berre fire minuttar. Eit par meter offside var det nok, men slik er det i denne divisjonen. Ein tar og gir.
Så rakna det fullstendig igjen. Haugar satte innpå frakkagjerdbuen Andreas Fludal, og han dundra ein corner direkte i mål. 1-1 til pause må Stegaberg vere mest glad for.
Snudde to gonger
Haugar snudde så kampen med ein skåring like etter pause. Dei overtok meir og meir av spelet, men det var langt mellom målsjansane begge vegar. Så kom byttet, Stegaberg vakna og sikra seg tre viktige poeng.
Karmsund 2 – Sveio 2 1-1
I morgon møtest Ferkingstad 2 og Nedstrand. Kampstart klokka 20.00
Kampfakta
Haugar 3 2 (1)
Stegaberg 2 3(1)
7. div. avd. 4
Sakkestadbanen kunstgras
0-1 Lars Einar Kolstø (4)
1-1 Andreas Fludal (38)
2-1 Danni Henriques (49)
2-2 Sindre Ø. Kvalavåg (72)
2-3 Anders Nyvoll (88)
Domar: Georg Bårdsen, Vedavåg
Tilskodarar: 10