– 1. omgang var ein katastrofe og det gjekk ei kule varmt i garderoben. Det fungerte ikkje i det heile tatt og dette var eit absolutt botnnivå av oss. Me var nøydt til å gjere noko, og heldigvis klarte me å komme tilbake, seier trenar Thormod Ness.
Nok ein gong var det midtbanen som ikkje fann seg tilrette. Svakt press og endå svakare pasningsspel fekk trenaren til å sjå raudt. Etne hadde tre sjansar og to mål etter 1. omgangen.
– Eg hadde denne gongen eit par av veterane med. Det måtte me, for sentrale folk som dag Frode Tønnesen og Kristoffer Askeland er på ferie. Og ironisk nok skulle to av dei komme inn og vere med å avgjere det heile, seier trenaren.
Terje Kristiansen kom inn like før pause og skåra eit fantastisk mål like etter kvilen. Men då det begynte å lysne opå 1-2 kontra Etne inn 3-1, også det på ein praktskåring. Då var det beksvart igjen.
Men så var det denne Vemund Eskevik då. Han jobba og sleit, dribla og blei takla. Til slutt sto han igjen med to mål. Ein styring, etter eit frispark han sjølv hadde skaffa. Så ein duell med Etne-keeper Knut Arvid Frøland. Frøland fekk ballen på feil fot og sparka den rett i Eskevik og i mål.
3-3 kunne vore greitt nok, men ikkje for stadig jagande Stegaberg. Trenar Ness hadde to store målsjansar og var skuffa over seg sjølv. Men han var svært nøgd med ein gamal måltjuv som gjorde comeback.
Petter Lønning
– Petter skal eg snakke med og høyre kva me kan få til. Han viser kva han kan i det me treng det som mest. Heilt utruleg herleg, spesielt med tanke på kampen mot Ølen og 1. omgangen i dag, seier Ness.
– Eg var redd den skulle hamne oppe i bustadfeltet, men jaggu gjekk den i mål. I krysset faktisk, gliste Petter lønning.
– Kan det bli meir kampar for Stegaberg?
– Eg jobbar så dumt på båten at det blir vanskeleg å seie noko konret akkurat nå. Eg likar ikkje å trene i eit treningsrom ombord, men merkar at eg har dårleg kondis. Var vel eigentleg tom etter det første løpet, seier matchvinnaren.
For to minutt på overtid hadde han akkurat nok krefter igjen til å komme på eit siste løp, dundre ballen i krysset om komplettere snuoperasjonen mot Etne.

Resultater 5. div. avd. 3
Falkeid – Ølen 1-5
Nord – Leirvik 0-2
Karmsund – Skånevik 5-2
Sauda – Ferkingstad (fred. kl. 20)
Kopervik 2- Vedavåg 2 (måndag)
Kampfakta
Stegaberg 4 (0)
Etne 3 (2)
5. div. avd. 3
Frakkagjerd stadion
0-1 Kristoffer Grønstad (3)
0-2 Eirik Haugen (41)
1-2 Terje Kristiansen (47)
1-3 Bjørnar Aastvedt (51)
2-3 Vemund Eskevik (66)
3-3 Vemund Eskevik (80)
4-3 Petter Lønning (90)
Domar: Morten Johannesen. Åkra
Tilskodarar: 30