Olav Runestad skåra eit nytt mål for Nedstrand i kveld. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Olav Runestad skåra eit nytt mål for Nedstrand i kveld. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Kom sterkt, men for seint

Nedstrand hamna under 0-2 for Ferkingstad 2. Laget slo tilbake etter pause, men fekk berre eit poeng mot botnlaget.

Det sto 2-0 til heimelaget i «blæsten» etter berre 13 minuttar. Det tok litt tid før Nedstrand-maskinen fungerte for fullt, men håp om poeng kom då Olav Runestad reduserte etter 26 minuttar.
I andreomganag kjørte gjestane på, men det skulle ta lang tid før ein fekk uteljing. Kjell Andreas Lindgren skåra i det 85. minutt, men det blei ikkje meir, til tross for ein god Nedstrand-omgang.
Dermed mista Nedstrand to viktige poeng i kampen mot topplaga.
– Dei har med seg eit par gode 1-erlagsspelarar, men me kjører dei meir og meir. Det er dei som skal vere glade for eit poeng, for denne burde me vunne, seier målskårar Olav Runestad

Kampfakta

Ferkingstad 2 2 (2)
Nedstrand 2 (1)
7. div. avd. 4
Ferkinsgtad stadion
1-0 Morten Pedersen (10)
2-0 Odd Magnus Ferkingstad (13)
2-1 Olav Runestad (26)
2-2 Kjell Andreas Lindgren (85)