Sjur Lothe fotografert i garderoben etter ein av kampane i firenasjonarsturneringa.
Foto: Privat
Sjur Lothe fotografert i garderoben etter ein av kampane i firenasjonarsturneringa.

Sjur venter spent på ny e-post

Sjur Lothe har forlate FKH-sporet og sikter mot stjernene gjennom spel for Vard og landslaget. Om han får ein e-post…

Av Alf-Einar Kvalavåg
Det er spennande tider for fotballspelaren frå Førre. I veke 28 blir det sendt ut e-post til ein ny tropp med unge landslagsspelarar, som skal samlast i Porsgrunn. På den lista håper 15-åringen at det står Sjur Lothe, Vard.
– Det hadde vore kjekt. Eg var heldig sist, og blei henta inn på overtid, og fekk vere med i firenasjonarsturneringa. Det at eg ikkje blei tatt ut med ein gong gjorde at eg ikkje var så stressa på det med speletid. Men eg fekk mine sjansar, spelte ein av tre kampar frå start, og fekk komme innpå mot slutten i dei to andre. Etter at eg debuterte mot Sverige i fjor med G-99 landslaget, har dette vore eit mål for meg, seier Lothe.
Statoil-gjengen
G16 landslaget er den såkalla Statoil-gjengen, og Lothe er heilt tydeleg på at det er på dette nivået han vil spele.
– Det er mykje meir proft opplegg når me er på landslagssamlingar. Dei tar godt vare på oss og gir oss gode råd på vegen. Eg er ferdig med ungdomsskulen i år og begynner på HTG til hausten. Eg er spent på kva eg får utav det. Eg trener mykje, og det har nok gått litt utover det sosiale livet mitt. Etter at eg bytta frå Haugar til Vard har det blitt nye treningstider og rutinar. Det tar nok litt tid før eg er heilt i «rute» igjen, smiler 15-åringen.
– Kvifor Vard?
– Eg meiner dei satsar meir i den gata der eg vil vere, og dei har ein god trenar i Karl Oskar Emberland, som eg verkeleg har sansen for. I tillegg er det mindre rivalisering i Vard, enn det eg opplevde i Haugar. Difor blir det slik framover, seier ein bestemt unggut.

Les heile saka i papirutgåva.

https://tysver-bygdeblad.no/e-avis/