Gunnar var ein av dei me møtte før årets ritt, og då fortalte 15-åringen at han berre hadde vore med i eit sykkelritt før. Hårfagrerittet. Nå har han to startar og ein siger.
– Det var veldig tørt og fint i løypa, og det var nokså lett å sykle. Men det er svært kupert så ein må følge med heile tida. Eg trudde det var nokon rett bak meg, men det var det ikkje, og eg er fornøyd akkurat nå, gliste den ivrige syklisten frå Nedstrand IL.
Meir om ungdomsrittet i papiravisa på torsdag.