Slik vil han bli hugsa. engasjert og alltid på jakt etter å få ut det beste av musikantane. Jakob Birk og Førre Musikkorps blei nummer 8. i NM brass, 1. divisjon. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Slik vil han bli hugsa. Engasjert og alltid på jakt etter å få ut det beste av musikantane. Jakob Birk og Førre Musikkorps blei nummer 8. i NM brass, 1. divisjon. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Skuffande siste kveld med gjengen

Jakob Birk og Førre Musikkorps leverte på scenen og fekk ståande applaus. Men nivået i årets 1. divisjon, brass var skyhøgt og korpset måtte ta til takke med ein del 8. plass. Likevel blei det ein verdig avskjed for dirigent Birk etter mange år som dirigent i korpset, sjølv om det var ein skuffa gjeng som satte seg i bussen og reiste heim frå Stavanger.

– Me er skuffa, men heldigvis var det fordi dei andre var betre enn oss, og ikkje fordi me gjorde det dårleg. Kvaliteten på korpsa i 1. divisjon var heilt utruleg bra og skulle ein vinne i dag, ja då måtte ein verkeleg prestere, forklarte fleire av musikantane etter at domarane hadde sagt sitt.
– Me gjorde vår beste gjennomspeling av dei fire satsane akkurat då me trengte det som mest. Likevel såg og høyrte me at det var kvalitet i årets konkurranse, sa Jakob Birk like etter at konkurransen i Stavanger konserthus var over.
Førre spelte «Nothern Landscape» av Peter Graham.

Tysvær Bygdeblad var i kulissane då den populære og dyktige dirigenten hadde sin siste dag på jobben. Det var mange som hadde ei tung stund, då det heile var over.
Les meir i papiravisa på torsdag.