Arve Kambe skal jobbe i sine politiske kanalar med å få fram Tysvær si meining om kutt i inntektene frå Kårstø-anlegget.
Arve Kambe skal jobbe i sine politiske kanalar med å få fram Tysvær si meining om kutt i inntektene frå Kårstø-anlegget.

– Misforstått politikk

Forslaget om å ta vekk skatteinntektene frå Kårstø-anlegget skal ut på høyring.

– Dette er misforstått, og noko som ikkje kjem til å skje. Det trur både Arve Kambe og Harald Stakkestad.

Av Alf-Einar Kvalavåg

Stortingspolitikar Arve Kambe frå Høgre meiner at ilandføringskommunane nå må gå saman og gjere ein skikkeleg jobb i høyringsprosessen. Det er derfor regjeringa allereie nå går ut og lar det vere tid og rom for kommentarar.

– Høyringsfristen er 18. september, noko som gjer at kommunane nå har god tid til å komme med tydelege konsekvensutredningar, og ikkje minst ei utgreiing av kva eit slikt vedtak vil bety. Det seier seg sjølv at ingen av desse kommunane skal «straffast» slik, seier Kambe.

Han lover å ta saka med seg til mellom anna finansdepartementet.

– Betyr dette at du kjem til å jobbe vidare med denne saka i dine kanalar?

– Heilt klart. Eg trur alle me som er på Stortinget frå Rogaland og Hordaland er godt kjent med denne saka. Nå må me ta jobben me å få fram all den informasjon regjeringa treng, før dei gjer eit endeleg vedtak, seier Kambe.