Arbeidsløysa aukar og vil auke ytterlegare.
– I Rogaland har arbeidsløysa auka i omlag eitt år, frå 2,1 prosent i juni i fjor til 3,1 prosent i juni i år, seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland.
I Tysvær er arbeidsløysa framleis lågare enn mange andre stader i Rogaland. For eksempel i Haugesund er talet oppe i heile 4,1 prosent no, og 3,3 prosent i Karmøy.
55 prosent auke
Ved utgangen av juni står 8.041 personar i Rogaland heilt utan arbeid. Samanlikna med juni i fjor har arbeidsløysa auka med 55 prosent. Totalt er 796 personar på tiltak i regi av NAV Rogaland. Dette er 107 fleire enn på same tid i fjor. Fylka Østfold, Oslo, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder og Finnmark har no høgare arbeidsløyse enn Rogaland. Noreg har ei arbeidsløyse på 2,8 prosent.
Bygg- og anlegg, industriarbeid og ingeniør- og ikt-fag er yrkesgruppene med flest arbeidslause. Arbeidsløysa stig også mest i desse tre yrkesgruppene. Samanlikna med i juni fjor er det størst prosentvis auke i arbeidsløysa for personar mellom 40-49 år, samt for dei over 60 år.
Mange unge
Arbeidsløysa er 4,7 prosent blant unge mellom 25-29 år. Blant menn i same aldersgruppe er arbeidsløysa 5,2 prosent.
– Det teiknar seg eit utfordrande bilete når me no ser at fleire som søkjer arbeid blir gåande utan jobb i over eit halvt år, og at arbeidsløysa blant unge har auka med 42 prosent det siste året, seier Nordahl.
Haugesund, Sandnes og Strand har prosentvis høgast arbeidsløyse i juni, med høvesvis 4,1 prosent, 3,7 prosent og 3,5 prosent. Stavanger og Karmøy har no 3,3 prosent arbeidsløyse.
I juni fekk NAV i Rogaland inn varslar om 1.607 oppseiingar og 763 permitterte.
– I hovudsak kjem desse frå bedrifter og verksemder med nær relasjon til olje, gass, og leverandørindustri, men me ser no at byggebransjen og servicenæringar merkar lågare aktivitet, og derfor må gå til skrittet å seie opp eller permittere folk, seier Nordahl.
Ikkje sidan september 2014 har NAV i Rogaland mottatt så mange varslar om driftsinnskrenkingar.
1.452 stillingar
Men framleis blir mange stillingar lyst ut offentleg i Rogaland. Flest ledige stillingar var det innan yrkesgruppene helse, pleie og omsorg (409), bygg og anlegg (117) og undervisning (148).
– Bedrifter i fylket treng stadig nye medarbeidarar. Mange stillingar blir lyst ut offentleg, men mange får og jobbar som ikkje har vært lyst ut. Derfor er det så viktig å gjere kompetansen sin synleg for aktuelle arbeidsgivarar i kanalar der dei er. Bruk også tid på å synleggjere kompetansen på databasar som nav.no, i tillegg til å bruke tid på cv-en. NAV-medarbeidarar hjelper ofte arbeidsgjevarar med å finne personar med kompetanse bedrifta er på jakt etter, påpeiker Nordahl.