Om berre nokre månadar kan slike bilete frå Nedstrand vere historie. Når Sandsfjordbrua opnar vil ein legge ned dagens ferjesamband frå Nedstrand.
Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Nedstrandferja har problemer i morgentimene. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

1578 nei til nedlegging

Ferja til og frå Nedstrand er i ferd med å forsvinne ut av ruteplanen. Eller, er det framleis eit håp?

Av Alf-Einar Kvalavåg
Frå 23. juni til 3. august har underskriftsaksjonen «Bevar ferja Nedstrand-Hebnes-Foldøy-Jelsa» samla inn 1578 underskrifter mot nedlegging av nordre del av Finnøy-sambandet.
– Det er fylkespolitikarene nøydt til å legge merke til, seier leiar av kampanjen Bjørg Rørtveit.
Ho fryktar at toget er gått, men trur at den formidable responsen vil gjere inntrykk på utvalet som nå skal sjå nærare på rutetilbodet i Ryfylket.
Viktig
– Me oppfordrar utvalet til å sjå kva konsekvensar ei nedlegging vil ha å seie for næringslivet, turismen og den nye sykkelløypa langs kysten. Denne ferja vil vere eit perfekt tilskott til dei som vil utforske Ryfylket frå Haugalandet. Preikestolen og øyane i fjordbassenget er populære reisemål som er korte å nå, med dagens tilbod. Me ser på planane som nå er som ei raseringa av tilbodet. Dette er ein viktig sak for Nedstrand som me har kjempa for i mange år. Nå nærmar det seg nedlegging, men me håper og trur at politikarane kan ta ein runde til, før dei set strek, seier Rørtveit.

Les heile saka i papiravisa.