Han hadde sine sjansar, men det var som sagt ikkje kvelden for lokale sigrar på Moksheim. Hester som Gin ´N Tanic og Grude Jerkeld kunne på ein god dag, blande seg inn i teten. Slik gjekk det ikkje.
Akkurat nå er eg frykteleg skuffa. Men slik er denne jobben. Nokre dagar går det min veg, andre ikkje. Det er ikkje lett å seie kva som gjekk galt i dag, men flaks hadde eg ikkje. Nå blir det fem timar i bil sørover, seier Kringeland Eriksen og ristar forsiktig på hovudet.
Med omlag 1.000 tilskodarar og V65-omsetting på over ein million, blei det ein festdag på den lokale travbanen.
– Det var i alle fall ein stor opptur. Merka godt at folk heia på meg og det var kjekt, seier Johan Kringeland Eriksen, som saman med faren, Geir Arne, stilte med to heimehestar. Kringelandtellus og Boen Odin. Det blei ein 5. og ein 7. plass og totalt 5.000 kroner i premie.
Meir om travløpa på Haugaland i papiravisa på torsdag.