Av Alf-Einar Kvalavåg
Nye kontraktar blir signert og nye løysingar kjem på banen. Likevel ser Tore Meinert rundt seg frå kontoret i Aksdal Næringspark på jakt etter fleire og større prosjekt, spesielt på Haugalandet.
– Me har hatt ei fin utvikling sidan me starta opp i 2006, og har i dag 14 inspirerte medarbeidarar og kontor både på Klepp og i København, i tillegg til Aksdal. I fjor omsette me for 63 millionar kroner, og ser at me klarer å utvikle oss i takt med dei energikrava som er. Me leverer etterspurte energiløysningar innan biogass, biovarme/fjernvarme og naturgass/propan, forklarer Meinert, og held fram med det som er ei av hovudutfordringa til verksemda.
– Det kjem stadig nye krav om energi som gjer at det er ei stor utfordring å ligge i forkant. Men me vel å vere offensive og ser nå at både private og det offentlege vurderar våre energikjelder som framtidsretta. Så blir det vår jobb å legge til rette for den økonomiske biten i dette, gjennom gode løysingar, som gir gode resultat.
Les heile saka i papirutgåva