Svein Terje Brekke og Kristine Aurdal i KrF ønskjer også eit sentrum i Aksdal, men dei er opptekne av at det ikkje skal påverke satsinga på bygdene i kommunen. 
Foto: Mona Terjesen
Svein Terje Brekke og Kristine Aurdal i KrF ønskjer også eit sentrum i Aksdal, men dei er opptekne av at det ikkje skal påverke satsinga på bygdene i kommunen.

– Må stå saman for å lukkast

KrF og Arbeidarpartiet reagerer på Høgre sitt soloutspel og Aksdalsutviklinga. – Eit sentrum kjem, men saka må behandlast
politisk og skje på rett måte, meiner dei.

Soloutspelet til Høgre får andre parti til å reagere. Det er tverrpolitisk einigheit om både nærings- og bustadutvikling Aksdal, men både KrF og AP meiner at ting må skje i rett rekkefølgje.
– Dette har heilt klart vore ein lang prosess. Me har mellom anna venta på vegen og rundkjøringa, men no er dette avklart med fylket. Det er positivt. Det er tverrpolitisk einigheit om at det må skje noko i Aksdal, raskt. Men me har ein reguleringsplan å førehalde oss til. Det er viktig at me blir ferdig med den først. Viser det seg at planane ikkje går, så må me sjå på andre løysningar. Men ting må skje i rett rekkefølgje, og det må takast opp politisk – samla, poengterer listetopp i Tysvær KrF Kristine Aurdal og andremann Svein Terje Brekke.
Dei stiller seg uforståande til at Høgre vel å komme med eit soloutspel, der dei aleine kontaktar ASU med eit nytt forslag, i staden for å først ta det opp politisk.
– Me har ein felles juridisk avtale med ASU. Den må me respektere og førehalde oss til. Det blir heilt feil å komme med luftige planar, det har dei fått nok av. Me skal ikkje fortelje dei kva som skal til. Det er dei som skal bygge og betale for det, seier Brekke og Aurdal.
Også Arbeidarpartiet reagerer på Høgre sitt soloutspel. – Etablering på Frakkagjerd
skader ikkje Aksdal, og bygdene vil tene på eit sentrum i kommunen, meiner dei.
– Sentrumsutvikling i Aksdal vil ikkje skade bygdene, heller tvert om. Med 11.000 innbyggarar i kommunen er det heilt klart at Tysvær bør ha eit sentrum, og det vil gi positive ringverknadar til bygdene rundt. Tysvær har i dag stor handelslekkasje til kjøpesenter i Haugesund og Karmøy. Eg skulle mykje heller lagt pengane mine igjen i eit sentrum i min eigen kommune, seier Anita Halsnes, andreplassen på den lokale AP-lista.