Thormod Ness er mildt sagt forbanna over at storklubbar som Kopervik og Vedavåg ikkje stiller til bortekampar. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Thormod Ness . Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Frustrert Thormod Ness

Sauda og Ølen jagar Stegaberg i toppen av 5. divisjon. Begge har fått gratispoeng frå Karmøy den siste veka.

– Dette går ikkje ann i storklubbar som Vedavåg og Kopervik. At ein liten klubb som Skånevik har problem med å stille lag, kan ein forstå. Men at KIL og Vedavåg med store a-troppar og juniorlag ikkje kan stille blir for dumt. Eg skjønar at det å reise til Ølen og Sauda kan verke langt for enkelte, men dette er ikkje fair i det heile tatt, tordnar ein oppbrakt Stegaberg-trenar.
Svein Gunnar Hermansen i RFK stadfestar at Ølen og Sauda har fått tre poeng og 3-0-sigrar.
– Dei to Karmøy-laga får nå 3.000 kroner i bot, og vil neste gong dei ikkje møter risikrer å bli flytta ned i 7. divisjon.
– Risikerar?
– Vanligvis blir det slik om det ikkje er noko heilt spesielt som er grunnen til at dei ikkje møter.
– Har det vore mange slike «3-0-kampar» i år?
– Nei, ikkje her sør i alle fall. Nei, eg kan ikkje seie dette er ein trend, men registrerar at dette nå har skjedd to gonger på ei veke i 5. divisjon avd. 3, seier Hermansen, i RFK
Det som provoserar mest er at dei stiller toppa mannskap heime og ikkje likt heile tida. Når ein kan nytte seg av både fem a-spelarar og juniorar, burde ikkje det vor eit problem. Eg er skikkeleg forbanna, seier Thormod Ness.
Tysvær Bygdeblad har sendt ei henvending til Vedavåg 2, men har ikkje fått noko svar.