118 personar, 2,1 prosent av arbeidstyrken er nå heilt utan arbeid i vår kommune. Det er altså tre fleire enn i august i fjor. For Rogaland er tala mykje meir alvorleg. 9291 (3,6%) er nå utan arbeid og det er ei formidabel auke på 65 prosent frå august i fjor.
– Det er ei utfordring me må ta tak i. Me har allereie vore i eit møte med ordføraren i Stavanger, som har bede oss om å lage eit nettverk som skal jobbe aktivy med dei utfordringane som nå er. Spesielt dei som er knytt til oljerelaterte verksemder. Me har også slike i Tysvær, så me kan ikkje sitte å sjå på dette, seier Stakkestad.
– Kva tenkjer du om Tysvær-tala isolert?
– Eg er litt overraska, men svært glad
– Eg er litt overraska, men svært glad. For det er ingen tvil om at det har vore ei svært trist utvikling i markandstala dei siste månadane. Kan hende er innbyggjerane våre tilsett meir spredt enn det ein kunne tru og at det difor ikkje er så sårbart. Eg veit ikkje, men eg lovar at me skal følgje utviklinga nøye, seier Harald Stakkestad.
NAV-tala
I samband med dagens utsending av NAV-tala er det lagt ved ein pressemelding:
– Arbeidsløysa i Rogaland aukar, og på bakgrunn av dei signala me får frå næringslivet så forventar me framleis auke i arbeidsløysa i tida som kjem. Me ser at arbeidsløysa aukar meir i Stavangerregionen enn nord for Boknafjorden, og den aukar og mest i mannsdominerte yrke, som bygg- og anlegg, industri og ingeniør- og ikt fag, seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland.
Ved utgangen av august står 9291 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Dette utgjer 3,6 prosent av arbeidsstyrka. Samanlikna med august 2014 har arbeidsløysa i Rogaland auka med 65 prosent.
668 personar er i eit arbeidsretta tiltak i regi av NAV Rogaland. Dette utgjer 0,3 prosent av arbeidsstyrka. Summen av dei som står heilt utan arbeid og dei som er i arbeidsretta tiltak utgjer bruttoarbeidsløysa i fylket. Bruttoarbeidsløysa i Rogaland er no 3,9 prosent av arbeidsstyrka, medan den er 3,4 prosent i Noreg.
Jobbar for fleire praksisplassar
– NAV Rogland aukar bruk av arbeidsretta tiltak for å kunne hjelpe fleire arbeidslause nærmare nytt arbeid. Me jobbar no aktivt for at fleire kan nytta seg av praksisplassar, og me tilbyr jobbklubbar, cv-kurs og andre aktivitetar for å gi arbeidssøkjarar hjelp i arbeidet med å finne ny jobb, seier Truls Nordahl.
Arbeidsløysa aukar i alle yrkesgrupper og i alle aldrar
Flest arbeidslause er det i yrkesgruppene bygg- og anlegg (1407 personar), industri (1426 personar) og ingeniør- og ikt-fag (1333 personar). – Det me ser er at arbeidsløysa stig i alle aldersgrupper, og i alle yrkesgrupper. Men den stig mest blant dei som jobbar i yrkesgruppene bygg- og anlegg, ingeniør- og ikt og industri, seier Truls Nordahl.
Det er 3649 fleire arbeidslause i Rogaland no enn for eitt år sidan. No i august står 3650 kvinner og 5641 menn utan arbeid. 2775 personar som står utan jobb er mellom 30 og 39 år, medan den største prosentvise auka i arbeidsløysa er blant dei over 60 år. 2844 arbeidslause er mellom 16 og 29 år. Desse utgjer 31 prosent av arbeidsløysa i fylket.
Over fire prosent arbeidsløyse i fem kommunar
Sandnes, Strand, Eigersund, Haugesund og Bokn har i august ei arbeidsløyse på 4 prosent eller over. Arbeidsløysa aukar i alle kommunar, med unntak av Sauda.
892 stillingar lyst ut i Rogaland, 11678 stillingar lyst ut i Noreg
I Rogaland vart 892 stillingar lyst ut i august. I Noreg vart det lyst ut 11678 stillingar. – Mange næringar har enda bruk for arbeidskraft og det er fleire ledige stillingar i omløp. Ser me over fylkesgrensene er det ein stabil stillingsmarknad i Noreg, og arbeidsløysa er på veg nedover i fleire fylke. Dei betyr at det er mogleg å finne arbeid eitt anna sted, påpeker Nordahl.