Sander hettervik måtte stå i mål for Skjold mot Sola. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Sander hettervik måtte stå i mål for Skjold mot Sola. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Sander i mål, då kompisar såg raudt

Skjold tapte i går 3-0 for Sola 2. Keeper var Sander Hettervik. Grunnen var at både Håkon Bådsvik og Godtfred Lindmann såg raudt i ein juniorkamp mot Ølen.

– Eg kan stadfeste at dei to juniorkeeperane oppførte seg usportsleg i ein juniorkamp denne veka, og fekk raudt kort. Det kan fort bli eit par kampar karantene på dei to. Dette er ikkje slik me ønsker å ha det i klubben, seier sportsleg leiar Oddvar Hompland.
Det var etter kampslutt at dei to keeperane «kokte» over og fekk kvart sitt raude kort.
Sander Hettervik sto i mål for a-laget mot Sola 2 i går, og fekk ein 5-ar på vår spelarbørs. Juniorkeeperane får ikkje spele på a-laget før dei har sona ferdig på juniorlaget.
Til helga skal Bernt Olav Nådland vere aktuell.

PS! Juniorkampen mellom Skjold og Ølen enda 3-3 etter to skåringar av Sindre Skrunes Herland og eit sjølmål. Ølen sine mål blei skåra av Per Skjæveland, Martin Ivesdal og Johannes Størkersen.