Fred over Tysvær

Fjernsynskamera er skrudd av, og mikrofonane lagt vekk. Debatten i Tysværtunet gav oss få, om nokon, nye svar på om det er parti i Tysvær som vil noko nytt.

Konklusjonen etter to timar med valprogrampreik, og direkte spørsmål, gav oss ei kjensle av at det er politisk fred i vår kommune. Ein er så politisk samstemte at det faktisk lovar godt for framtida vår.
Alle vil på mange måtar det same, men har noko ulik måte å ville nå desse måla på.
Ein kan sjølvsagt undrast på om dette er bra for oss. Utfordringar knytt til skule, omsorg og økonomi kan best løysast om alle drar i same retning. At samtlege parti også hadde stor tru på kommunen sin administrasjon, som støttespelar, må også vere eit pluss.
Minus blir det om «alle» skal få med alle sine ønskjer i den vidare utviklinga av kommunen. Det er vanskeleg å sjå kva parti som skal vere lokomotivet dei neste ti åra. Høgre snakkar høgt og fort, AP saktare og med bremsen på. Småpartia har alle gode innspel både i utvikling av næringsareal og skulestruktur, men det blir lite framdrift av det.
Eit anna spørsmål er om Tysvær skal måtte ha så voldsam framdrift. I ei slik tid som nå, med press frå alle kantar, hadde det kanskje vore ein idé å stoppa litt opp. Bruke tid på å «reinske» opp i dei utfordringane som ligg innan kommunale tenester, for born, ungdom, vaksne og eldre. Prøve å skape arbeidsro i skulen, støtte opp og gjere kloke val innan helsetenestene, og ikkje minst la administrasjonen få komme på plussida innan reguleringar og kommuneplanarbeid.
For det kjem tider kor kommunereforma vil skyte fart, kor kommunar skal stå opp og seie si meining. Det kjem tider kor nye store investeringar skal gjerast innan veg og infrastruktur på Haugalandet. Tar ein seg tid til å gi dei som skal planlegge dette arbeidsro, kan ein oppnå minst like gode resultat, enn om ein nå hastig skal jage nye prosjekt, nye store planar og utgiftspostar.
Vårt råd etter valdebatten i Tysværtunet må vere å ta med det gode politiske samhaldet som er. Lag gode arbeidsplattformar etter valet og driv Tysvær framover i eit tempo som ein klarer å takle. Så får ein vere kritiske og seie si meining undervegs. Sjeldan har lokalpolitikarane vore så einige som i 2015. Kvifor ikkje nytte seg av den mulegheita til å skape eit godt politisk arbeidsmiljø, ha fokus på det ein kan gjere noko med, og gjere grep som styrker kommunen når den neste korsvegen kjem.
Kva fylket og styremaktene pønskar på er ikkje alltid like lett å bli kloke på. Og det er det lite me kan gjere noko med. Ta tak i det som ein kan gjere noko med, og ta vidare den offensiven som tross alt var på scenekanten. Det handlar ikkje om meg, men oss, når valdagen er over.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør