Thormod Ness og Stegaberg stoppa Jørgen Belt og Leirvik brutalt og effektiv då Stegaberg vann 7-0. Belt fekk sin revansje då han slo alle tysværbuane og vann årets tippekonkurranse.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Thormod Ness kan konstatere at Jørgen Belt og Leirvik berre klarte 2-2 mot Ølen

Leirvik og Ølen delte poenga

Både Leirvik og Ølen jaktar på Stegaberg i 5. divisjon. I kveld spelte dei 2-2 på Stord.

I det som skal ha vore ein merkeleg fortballkamp begynte heimelaget best og leia 2-0 til pause. Espen Vaka og Jørgen Almås. I andreomgang kom Ølen sterkt tilbake og utlikna ved Dani Johansen og Magne Christiansen. 2-2 kom på straffe heilt på tampen av kampen.
Ølen fekk to raude kort i ein kamp kor dommaren mista litt grepet etterkvart.
Nord tapte 2-3 for Karmsund i ein annan kamp i kveld. Målskårere: Nord: Niklas Brinkeback 25, Håkon Norheim 34. Karmsund: Geir Vestvik 12, Kim Damian Belazara 45, Gareth Owens 50