– Det å både vere arrangør og førehandsfavoritt, krev sin mann. Nå begynner Finshus å bli vant til det, men likevel. Medan dei andre varma opp til 4,5 kilometeren måtte Finshus assietere den populære FKH-spelaren som delte ut medaljar i barneløpet. Men etter 20 minuttar oppvarming var det rett i tet.
– Eg stakk med ein gong og fekk det heile inn i mitt tempo. Trudde eg hadde nokon rettbak meg, men det var det ikkje. Svært godt nøgd med den tida, når eg ser tilbake på alt som skjedde i helga, seier Finshus.
Han vann framfør etidlegare Skjold-, nå Avaldsnes-spelar Eirik Hope Langåker og Stegaberg-løpar Øyvind Aksland.
158 løparar stilte til start i det fine vêret og kom meir eller mindre smilande i mål.
Ellinor Austerheim frå HIL vann dameklassen med tida 17,36.
Her er bilete av eit knippe av dei.
Meir om Sluseløpet i papirutgåva torsdag