Amund Håland frå Aksdal er komme heim etter mange år i Volda. Nå slepp han albumet «2014» som kan lastast ned frå mellom anna iTunes.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Amund Håland frå Aksdal er komme heim etter mange år i Volda. Nå slepp han albumet «2014» som kan lastast ned frå mellom anna iTunes.

Spennande å lytte til

Amund Håland sitt album «2014» inneheld ei rekke låtar det er verdt å låne øyre til. Slett ikkje musikk ein ventar skal dukke opp frå ein leilegheit i Aksdal, men nærast instrumental verdsmusikk.

Amund Håland sitt album «2014» inneheld ei rekke låtar det er verdt å låne øyre til. Slett ikkje musikk ein ventar skal dukke opp frå ein leilegheit i Aksdal, men nærast instrumental verdsmusikk.
Det er stilsikkert, sjølv om det tidvis kan vere vanskeleg å sette musikken i bås.
Det begynner med breking og låta «Gjetaren». Leikande lett tonefølgje som fungerer både høgt og lågt i høgtalaren.
Brekinga held fram i «Ylajali» men me er allreie over i eit meir laidback lydbilete. Sjølv om det er korte vokale innslag så er dette eit spor som skapt for både film og berre rein lytting.
«Tadeg ei Cheva» er meir spesiell enn opningsspora og viser at Håland har fleire talent enn berre på gitaren.
«Somethin illegal» er litt meir oppgira ompajazz. Litt nordafrikansk over det heile. Ei skikkeleg kul låt når ein skrur opp volumknappen. Herleg rytme.
«Trolljam i G-moll» kommer snikande inn som neste låt. Igjen ei stødig rytmeline som blir improvisert på med diverse spennande lydar/instrument. Absolutt lyttbart.
«Mama Mountain is calling» er ein flørt med reggae. Alltid forfriskande med eit vokalinnslag på ei så pass lang instrumentalutgiving.
«Soppen i kaffikoppen» er betre enn sitt namn og rykte. Artig liten låt som glir rett inn i øyra på lyttaren.
«Tåkelur» er svært så herleg gitarlyd over ein dialog på fjernsynet i bakgrunnen? Den litt gjentakande monotone gitarstemma gjer på ein måte bare godt når ein sit der og lyttar. Den kjem aldri vidare og det er vellukka på mange måtar. Tydeleg å merke at dette er ein komponist med sans for filmmusikk.
«Inapiona» kanskje utgivinga si mest spesielle låt. Medan ein på «Tåkelur» berre nyt monotonskapen, så vil ein her helst ha noko meir utan at det skjer heilt.
«Crepusculum» er på nytt ei heilt tydeleg filmlåt. Enklare enn namnet på låta tilseier. Lekker sak på godt over tre minuttar.
«Mystalgia» er bølgeskvulp med eit roleg og ledig gitarstemmefølgje, før det dramatisk går over i ein meir synthvegg av lyd mot slutten. Litt spesiell låt.
«Gammel i G-moll» er vanskeleg å sette i bås. Orgelet driv monotont framover saman med Karen McCants vokal. Spesielt og vakkert dette også. Eksperimentelt og slett ikkje venta av Håland dette.
«Melodi i F#-moll», mykje bølgeskvulp og vêr på dei siste låtane på albumet. Avslutningsvis er det skikkleg vestlandsregn som akkompagnement til gitarspelet. Kort og fin avslutning på plata.
2014 er ei salig blanding av musikkstilar og gitarspel. Mykje av det fungerer svært bra, noko blir som rein bakgrunnsmusikk å rekne. Totalt sett har Amund Håland levert mykje spennande musikk på plata, musikk ein kan lytte til om og om igjen, utan å finne nokon fasit.

Alf-Einar Kvalavåg

«2014»

«2014»
Amund Håland

UNAM

Nedlastbart album
Utgitt sept. 2015.
Record Union
Mastra av:
Prototype Mastering