På ein stand i Aksdal Senter fekk fleire av listekandidatane eit kort møte med den tidlegare kulturministeren. Og med ein god AP-bris på valmålingane for tida, var det ein optimistisk gjeng som møtte trønderen.
– Ein merkar at det er god stemning på heile Haugalandet om dagen. Mange av dei viktige politiske utfordringane landet har dei neste åra, har også mykje å seie for regioenen her. Sigmund (Lier) og gjengen har jobba knallhardt og fortener gode meiningsmålingar. Likevel er det heimesitterane som er vår største trussel. Dei må me få ut, og til stemmeurna, seier Giske.
– Kor viktig er det at det kjem sentrale politikarar og backar opp nå berre dagar før valet?
– Me håper det viser at dei har god kontakt med moderpartiet i Oslo. Det skal vere kort veg inn, og me skal støtte opp om det som skjer ute i lokalsamfunnet. Me kjenner godt til kampsakene til Tysvær-AP, og støttar dei i den kampen det er, seier Trond Giske.
I morgendagens papiravis presenterar me både vår meiningsmåling og gir deg tips til valet.