Skjermbilde 2015-09-10 kl. 12.57.12

– Går det mot maktskifte?

To målingar viser at Arbeidarpartiet er iferd med å rykke frå i valkampinnspurten.
Tysvær Bygdeblad har i september gjennomført ei meiningsmåling på si heimeside. For å få eit mest muleg realistisk resultat har det berre vore muleg å stemme ein gong. 532 personar har vore inne og sagt si meining mindre enn ei veke før valet.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Resultatet viser at Arbeidarpartiet får 34,4 prosent oppslutting, noko som er 11 prosent meir enn ved valet sist. Høgre som sist var valet sin store vinnar går tilbake frå 33,1 prosent til 23,1 prosent.
– Kvifor?
For å kunne tolke dette kan ein kikke på NRK sin valomat, som me hadde ute på våre heimesider. Der er det spesielt to saker som slår uheldig ut for Høgre. På spørsmålet om Tysvær bør vere ein del av ein storkommune på Haugalandet, så svarer 63,9 prosent at dei er heilt eller delvis imot dette. 41 prosent av dei er heilt ueinig i ein slik tanke. Dermed får Ola S. Apeland og Høgre svi for Jan Tore Sanner sitt ønskje om få og store kommunar i landet.
Det andre Tysvær-Høgre får svi for, og som dei lite kan gjere noko med, er ønskje frå regjeringa om å opne for sundagsopne butikkar. Thorhild Widvey har ikkje vist teikn til å lytte til innbyggjarane og det får regjeringspartia svi for, også Tysvær. 70,3 prosent av dei som har svart i valomaten seier nei til sundagsopne butikkar.
1500 svarte i valomaten, og sjølv om dette er ein valomat som skal hjelpe deltakarane i å finne rett parti, er det eit heilt tydeleg signal.
Høgre har også fått smake på iveren etter å utreie ein ungdomsskule i Aksdal. 36, 9 prosent er heilt ueinig i den tanken og berre 18,6 prosent meiner at skulen bør ligge i Aksdal.

Les heiles saka i papiravisa. der er det også ordførarduell og eit dobbeltoppslag kor me tippar korleis det går valdagen.

Kan også kjøpast her: https://tysver-bygdeblad.no/e-avis/

Meiningsmåling 2015

Meiningsmåling sept 2015:
AP 34,4 %
Høgre 23,1 %
SP 11,8 %
Krf 8,7 %
Frp 7,9 %
MDG 7,0 %
Venstre 4,1 %
SV 2,6 %
PDK 0,4 %

• Meiningsmålinga blei gjennomført på tysver-bygdeblad.no over sju dagar i september 2015.
• Det var kun muleg å stemme ein gong per IP-adresse.
• 532 stemmer er gitt.