Tørresdal Forskaling ein vakker seinsommardag i Førre. Fremst Per Ivar Tørresdal. Bak frå venstre: Kjetil Willumsen, Øystein Susort og Bertin Gismarvik.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tørresdal Forskaling ein vakker seinsommardag i Førre. Fremst Per Ivar Tørresdal. Bak frå venstre: Kjetil Willumsen, Øystein Susort og Bertin Gismarvik.

Ser lys i (betong) tunnelen

Tørresdal Forskaling går «all in» for betongarbeid.
Bustadar, hytter, næringsbygg og det som dukkar opp av spennande prosjekt. I sitt 15.år ser dei positivt på framtida. Med ein lærling og tre fast tilsette trur Per Ivar Tørresdal på ei solid framtid i betongbransjen.

Det er ein av desse varme og fine seinsommardagane, kor det å jobbe med forskaling, vatn og betong ser både kjekt og spennande ut. I ei tid med mange utfordringar ser den litle verksemda frå Skjoldastraumen lyst på framtida. Samstundes veit dagleg leiar Per Ivar Tørresdal at det finnest mørke skyer også på forskalingshimmelen.
– Det som har vore ein fordel for oss er at me har tatt steg for steg og utvikla verksemda i takt med oppdraga me har hatt. Til nå har me vore med i gode tider og det har gitt oss ein solid grunnmur å bygge verksemda på. Likevel ser me at det ligg stadig nye utfordringar og ventar der ute, seier Tørresdal.
Spennande
Me treff dei fire tilsette like ved kaikanten i Førresfjorden. Sola skin og dekket som blei støypt kvelden før ser perfekt ut. Dei tre som jobbar for Tørresdal tømmer ein hengar og gjer seg klar til nye oppdrag.
– Kva er største utfordringa akkurat nå?
– Elementmurar, og at det er tøffare tider for ein del av dei som skal bygge. Dermed blir det ekstra viktig å ha kvalitet på alle anbod og jobbar me gjer. Gjer me godt arbeid, så kjem kundane av seg sjølv. Men eg ser at mykje av tida går med til å rekne på pris. Slik er det vel for alle, seier Tørresdal.
– Korleis vil du beskrive kvardagen i denne bransjen?
– Den er spennande på fleire måtar. Me har spennande oppdrag, slik som dette bygget. I tillegg er det sjølvsagt spennande å sjå kor mange etableringar av nybygg som kjem dei næraste åra. Akkurat nå er det som sagt kjekt å vere forskalingssnikkar og drive med betong, smiler han.

Les heile saka i papirutgåva eller kjøp den her: https://tysver-bygdeblad.no/e-avis/