Liss Åsheim passar på at ordførar Harald Stakkestad gjer si borgarplikt på Tysværtunet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Liss Åsheim passar på at ordførar Harald Stakkestad gjer si borgarplikt på Tysværtunet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Ordføraren: – Viktig at folk røyster

Ordførar Harald Stakkestad var tidleg ut og røysta i Tysværtunet. Nå oppfordrar han alle til å gjere det same. – I eit lokalval er kvar stemme viktig. Så ta turen til ditt vallokale og gjer di borgarplikt, seier Harald Stakkestad.

For fire år sidan var det ein spent Stakkestad som var oppe til politisk eksamen. I dag er han langt meir roleg, men likevel spent på utfallet av valet.
– Det er utruleg viktig at folk røyster og viser kven dei vil skal styre Tysvær i dei neste åra. Dette har me demokrati å gjerte, og det nyttar ikkje å seie at ei stemme frå eller til, ikkje har noko å seie. I Tysvær skal det svært lite til for at enkeltkandidatar er inne eller ikkje, så kvar stemme har ei stor verdi. I kveld får me svaret og det er eg spent på, seier Stakkestad.
Viktig
Stakkestad meiner at det å vere med å velje representantar også er ein mulegheit til å vise at ein vil ha noko nytt, gi begge kjønn like stor plass og ikkje minst, vise at ein bryr seg.
– For meg er valet alvor. Eg kjenner at det er ein spesiell dag. Det å få vere med å bestemme er noko me ikkje kan ta for gitt. Eg har med mi liste og skal lever inn nå, seier ordføraren på veg inn i vallokalet.
Kva han stemmer er vel inga hemmelegheit, men korleis er det med kryss og slengarar?
– Eg brukar ikkje å gjere så mykje ut av akkurat det. Men eit par kryss og en del slengarar kan gjere utslag for enkelte av kandidatane. Eg trur eit par av favorittane har det litt tungt nå. Sommarfuglar i magen er ein del av eit valvake, seier Stakkestad.
Det er meldt om eit godt tilsig av veljarar den første halve timen av årets val.

HUGS: Me oppdaterar frå rådhuset time for time i kveld. Me starter på nett klokka 18.00