Stegaberg var ikkje nøgde med berre eitt poeng i Kopervik. Foto: Stegaberg IL
Stegaberg var ikkje nøgde med berre eitt poeng i Kopervik. Foto: Stegaberg IL

Fekk berre eitt poeng

Stegaberg kjørte det meste av kampen, men fekk berre med seg heim eitt poeng frå kampen mot Kopervik 2. Det er også dårleg nytt for Falkeid.

I ein svært spanande kamp kunne og burde Stegaberg ha sikra seg alle poenga, men var samstundes berre millimetrar frå å gå på ein skikkeleg skrell mot botnlaget. I siste av fire tilleggsminuttar smalt ballen i tverrliggaren bak debutant Morten Mæland i Stegaberg-målet.

Dårleg nytt
For Falkeid var gårsdagens resultat svært dårleg nytt. KIL 2 fekk seg eitt poeng, Vedavåg 2 vann 4-1 over Ferkingstad. Dermed er Falkeid heilt sist på tabellen og luka opp er på tre poeng.

Faktaboks

Kopervik 2   1 (1)
Stegaberg 1 (1)
5. div. avd 3
Åsebøen stadion
0-1 Gabriel Johnsen Noriega (21)
1-1 Christer Hult (45)
Dommar: Arve Fløysvik, Djerv 1919