Smaken av siger

Det er ein skikkeleg blåmåndag for Høgre-sida i lokalpolitikken. Det som var så blått og flott, er snudd heilt på hovudet etter måndagens val.

Folket på Haugalandet har talt. Dei vil ha Arbeidarparti-ordførarar.
Ikkje noko sjokk, men likevel eit kraftig signal til regjeringa to år før dei skal i aksjon.
Så kjem spørsmålet om det ikkje likevel er Høgre som er nummer to på vinnarlista i Tysvær. Natt til tysdag trefte me på ein både sliten og frustrert Ola S. Apeland i gangane på rådhuset. 19,1 prosent kan ikkje forklarast på ein annan måte enn som stortap. Minus 12 frå sist og for dei «berre» seks representantar.
Men Høgre var ikkje tapt bak ein stol. Dei hadde to alternativ. Som me foreslo å melde seg for Sigmund Lier og Arbeidarpartiet, og skape eit samarbeid med berre to parti, og full kontroll i kommunestyresalen. Alternativ to var å ha samling i botn og legge trykk på den same Lier, og det same AP, som opposisjon.
Dei gjekk for alternativ ein. Sjølvsagt gjorde dei det, og dermed får me ei plattform som har til mål å få fart på Tysvær, ein fart mange har sakna med Høgre i førarsetet dei siste åra. Valtala kan ikkje tolkast på andre måtar. Det er frå Høgre dei har gått til AP.
Så kan det sjølvsagt tolkast som ein vil det som skjedde i gangane på rådhuset på tysdag. Var det fair play måten dei to store fann saman på. Var det avtalar som blei brotne, og korleis er det å først vere kjempenøgd med gode resultat, for så å ikkje ein gong få snakke med Høgre og AP.
Heilt sikkert ikkje ei god kjensle. Nå får opposisjonen vise skuffelsen over å bli sendt på gangen, med å vere ein pådrivar for at Tysvær set fart framover. I følgje meldinga som blir sendt ut frå det nye tospannet skal Tysvær klare seg sjølv dei neste åra. Interkommunalt samarbeid skal sørgje for at me står sterkt også i framtida. Aksdal-utbygginga skal skje i «morgon» og skule- og helsetenestene skal få sitt rettmessige fokus.
Til å passe på dette treng ein ein opposisjon som tør å vere med å melde noko. Ein må vere kritisk og stille gode politiske spørsmål rundt det som skjer.
Han som skal styre dette er Sigmund Lier. Av ein eller annan grunn enten godt likt, eller ikkje likt. Det kan vere greitt når ein skal ikle seg ei ordførarrolle etter Harald Stakkestad. Han var godt likt nesten over alt. For godt likt meinte dei få som ikkje likte han. Ikkje alltid lett å gjere alle til lags, noko han har smerteleg fått erfare.
Så kanskje har Lier ei mulegheit til å skape sin eigen stil, og ikkje ein kopi av dagens ordførar. Det kan vere lurt å prøve.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør