– Klarer du å halde slangen sjølv?
– Ja, nikkar Leander resolutt.
– Eg kan uansett halde litt saman med deg, seier brannmannen som hjelper ungane å sløkke brann.
For slangen veger ein del, meir enn ein skulle tru.
– Han var tung. Mykje tyngre enn eg trudde. Kanskje det er derfor brannmenna må trene så mykje, så dei er sterke nok til å halde slangen sjølve, konkluderer Even (7).
Mange opplevingar
Det myldrar av folk utanfor brannstasjonen i Aksdal laurdag formiddag og ettermiddag. Dei små får mellom anna kjøre brannbil med sirene, sløkke brann og løyse oppgåver – der alle blir premiert med eigne brannmannhjelmar…
I tillegg var politiet tilstades med bil, der fekk også ungane lov til å sitte på.
– Me har fått sitte på med både brannbilen og politibilen. Det var veldig kjekt, fortel to søte småjenter som heiter Amalie og Melinda.
– No skal me også snart kjøre brannbilen, fortel Even og søskenbarn Mathias.
– Me håper at me får sitte framme med brannmannen, smiler dei to.
Les meir i papirutgåva.