Ingenting å seie på innsatsen under joggedagen i Grinde. Foto: Grinde skule
Ingenting å seie på innsatsen under joggedagen i Grinde. Foto: Grinde skuleBilde 1 av 7
Skjermbilde 2015-10-02 kl. 08.43.16
Bilde 2 av 7
Skjermbilde 2015-10-02 kl. 08.43.25
Bilde 3 av 7
Skjermbilde 2015-10-02 kl. 08.43.31
Bilde 4 av 7
Skjermbilde 2015-10-02 kl. 08.43.37
Bilde 5 av 7
Skjermbilde 2015-10-02 kl. 08.45.31
Bilde 6 av 7
Skjermbilde 2015-10-02 kl. 08.45.40
Bilde 7 av 7

Dansa og jogga seg til Saltfjellet

Elevane ved Grinde skule jogga tilsaman ein distanse som tilsvarar strekninga frå kunstgraset i Grinde til midt på Saltfjellet under årets joggedag. Imponerande.

– Også i år arrangerte elevrådet og trivselsleiarane joggedag for heile skulen. Vi starta med oppvarming som TL’ane sto for. Då dansa heile skulen den nyaste TL dansen. Deretter gjekk alle ned til kunstgrasbanen for felles start rundt den 1,6 km lange løypa rundt i Garhaugfeltet. For kvar halve runde fekk dei stempel slik at dei kunne halde tellinga på antal runder. Mange elevar hadde ambisjonar om å jogge fleire rundar enn dei klarte i fjor. Dette målet var det mange som klarte. Totalt jogga dei 1334 km og den som fekk flest rundar, klarte heile ti! Det var og ein 1. klassing som sprang 7 rundar (11,2 km!), seier rektor Astri Eliassen.

Det var og ein 1. klassing som sprang 7 rundar

Den første runden sprang fadrane med sine fadderbarn. Etterpå fekk dei ta seg ut. Det sto vaksne rundt heile løypa og heia fram. For kvar runde måtte dei nedom kunstgrasbanen for å få stempel. Her var det og saftstasjon. Etterpå bar det opp til skulen der nokre elevar hadde rigga til pølseboder for pølsesal.
Elevrådet hadde bestemt at overskotet skulle gå til Stiftelsen Suenõs. Dette er ein organisasjon stifta av Gunvor og Ingvald Skretting (www.suenos.no). Dei byggjer skular for ein indianerstamme i Paraguay. Det er desse skulane som har fått dei gamle pultane og stolane vi hadde i gul og grøn paviljong no som vi har fått nye.

SFO hadde og invitert til kafe om ettermiddagen. Det strøymde til med folk og vafler og sjokoladekake gjekk unna som hakka møkk. Også dei gir overskotet til same formål.
Totalsummen er ikkje klar, men at det blir eit større bidrag er det inga tvil om.