Ingrid Bjørnov kjem til Tysværtunet, torsdag.
Ingrid Bjørnov kjem til Tysværtunet, torsdag.

Ikkje berre Bjørnov

«Bare Bjørnov» handlar mykje om Ingrid Bjørnov. Men ikkje berre. Det handlar om litt av kvart.

Aleine på scena med eit nystemt flygel. Ein draum for entertaineren og musikaren med 35 års fartstid på norske scenar.
– Kulturhus betyr ofte flygel og det set eg stor pris på. Eg ser fram til å komme til Tysværtunet og sleppe laus min musikalske galskap på folk der. Dette er ein kveld med mykje tovegs kommunikasjon. Sjølv om ikke alle skjønar det, så er dei med på å bestemme korleis showet mitt skal ende, sier Ingrid Bjørnov.
Ho har nett vore to kveldar på Voss og testa ut «Bare Bjørnov».
– Det var litt spesielt, og eg forandra litt på det eg hadde tenkt å gjere mellom dei to framsyningane. Eg er svært opptatt av kommunikasjonen mellom meg og dei i salen. Slik blir det på heile turneen som er på 18 stader, seier Bjørnov.
Kjent og kjært
Dei siste åra har fleire fått med seg dei prislønna showa til Bjørnov. Show som har veksla mellom geniale musikalske innslag og lett og treffande humor. Det har sprika i alle retningar.
– Og slik blir det nå også. Folk skal kjenne igjen det eg driv med. Det betyr mellom anna at eg speler klassisk musikk baklengs. Det fungerer. Tenk kor bra. Då har ein plutseleg dobbelt så mange songar å velje i av Bach og Beatles. Så er det viktig å ha eit skråblikk på det som skjer rundt oss. Musikk kan vere så mangt, seier musikaren med ei fortid også i suksessduoen «Dollie».
– Du bruker av og til ord som trøyst og terapi om showa dine. Fortel?
– Eg har mellom anna laga ei trøstevise for dei som driv eigne føretak. Då må me fram med holemaskinen og makulere rekningar og kvitteringar saman. Showa mine er bygd opp om det å vere kvinne i min alder, 40 pluss eit eller anna. Så det trengs vel både terapi og trøyst.
– Men dette er for alle?
– Ja, heilt klart. Dette passar for alt frå unge jenter som går og øver på piano, til godt vaksne menn som vil prøve å forstå oss kvinner. Showet er ei salig blanding av musikk, stand up og litt alvor. Knytt saman med ablegøyer på min måte.
Auksjon
På turneen har Ingrid Bjørnov med seg 18 par sko frå sitt alt for rike lager, skal ein tru henne sjølv.
– Det er heilt rett. På kvar konsertstad skal eg auksjonere bort eit par. Eg har allereie pakka ned skoa som eg tar med meg til Tysværtunet. Så skal eg informere meir om dette undervegs i showet.
– Du har også sagt at kvar einaste ein i salen er viktig.
– For meg er kvar einaste show her og nå. Eg vil ha kontakt med dei som er der. Som sagt skal det vere kommunikasjon. Eg er så pass rutinert etter alle desse åra, slik at eg kan gjere justeringar undervegs. Slik blir kvar kveld litt unik. Det er eit møte mellom meg og dei som er i salen og kanskje er det ein av grunnane til den suksessen eg har hatt. Me har hatt det fint saman. Kan ikkje bli betre enn det, seier Bjørnov.
– Er du topp motivert for ein ny runde på vegen?
– Absolutt. Nå har eg hatt ein liten pause, så det kriblar i både bein og fingrar. Eg elskar å vere på scena og treffe på nye folk, avsluttar Ingrid Bjørnov som gjestar Tysværtunet neste torsdag, den15. oktober.

Ingrid Bjørnov kjem til Tysværtunet i kveld.