Tysvær Blandakor og dirigent Magne Kristoffersen skal til Skjold kirke og ha konsert. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Tysvær Blandakor inviterer til Syng med oss i Aksdal på søndag. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Eyvind Skeie + Blandakoret

22.oktober vert det salmekveld i Skjold kyrkje med salmediktaren, presten og forfattaren Eyvind Skeie og Tysvær blandakor under dirigent Magne Kristoffersen.

I den nye salmeboka er det med 55 salmer som Skeie anten har dikta eller omsett.
Det er delar av denne salmeskatten Eyvind Skeie skal formidle saman med Tysvær blandakor denne haustkvelden. Dei to mest kjende salmene til Skeie er nok «En stjerne skinner i natt» og «Tenn lys»
Skeie har arbeidd med så mykje, frå salmer og dikt til manuskrift til fjernsyn for born, som til dømes «Portveien 2» og «Sesam Stasjon». Han har hatt oppdrag i mange land, m.a. Aserbajdsjan og Egypt.
I det siste har han saman med Universitetet i Stavanger laga eit pedagogisk program for vaksne og born i norske barnehagar. «Være sammen handlar om varme og grensesetjande vaksne og delaktige born.