Stegaberg IL 2015. Opprykk til 4. divisjon etter 8-0 over Ølen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Stegaberg IL 2015. Opprykk til 4. divisjon etter 8-0 over Ølen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Stegaberg klar for 4.: Knuste Ølen 8-0

Stegaberg hadde flaks, dyktigheit og ein topptent Vemund Eskevik. Det var meir enn nok til å knuse Ølen 8-0 i opprykkskampen. Det er berre å gratulere Thormod Ness og laget med ein strålande sesong.

Ølen føler seg nok nytt for både det eine og det andre etter kveldens kamp på Frakkagjerd. Slett ikkje alle avgjerslene gjekk i deiras favør. Men likevel kom dei fullstendig i skuggen av Stegaberg.
8-0 når det trengtest som mest. Fem mål og ny klubbrekord med 37 seriemål totalt for Vemund Eskevik.
– Det blei frykteleg lett då dei fekk ein mann utvist (etter 57 min.). Etter kvart var det berre å sette full fart og skåre så mange mål som muleg, gliste Eskevik, som var med på sitt aller første senioropprykk.
– Dette var nok den beste kampen me har spelt i år. Spesielt i 1. omgang var me gode. Eg har spelt lenge i Stegaberg, men dette er berre det andre opprykket. Det skal feirast. Nå skal me ta Etne neste helg, slik at me får spele om Kretsmeisterskapen, sa kaptein Dag Frode Tønnesen.

Best i alt
Kampen sett under eit var det heilt tydeleg kven som var best. Stegaberg var best i alt. Spesielt når gjestane begynte å bruke energi på dommaren blei det lett for Eskevik og kompani.
2-0 til pause blei til både fire og fem før dei gav heilt opp.
– Me var akkurat så aggresive som me hadde snakka om. Me skulle prøve å presse høgt for å sjå korleis det reagerte på det. 1-0 kom som eit resultat av det og eg meiner dei ikkje hadde ein einaste skikkeleg sjanse i kampen. Nei, dette var berre kjekt, gliste Eskevik.
Han var sjølvsagt kampen sin store profil. Det same var Vegard Bøe på midtbanen, samt dei to kantspelarane Erik Frøyland og Kristoffer Askeland.

Med fyrverkeri og bølgen takka Stegaberg dei frammøtte og kan invitere til 4. divisjonspel neste sesong. Mot tildømes Skjold…

Sauda slo Etne 4-0 og er også klar for 4. divisjon.

Stegaberg – Ølen

Stegaberg 8 (2)
Ølen 0 (0)
5. divisjon avd. 3
Frakkagjerd kunstgras
1-0 Erik Frøyland (17)
2-0 Vemund Eskevik (27)
3-0 Jan Reidar Tjøsvoll
4-0 Vemund Eskevik (str. 58)
5-0 Ådne Nærheim (62)
6-0 Vemund Eskevik (68)
7-0 vemund Eskevik (83)
8-0 Vemund Eskevik (87)
Dommar: Andre Birkeland, Djerv 1919
Tilskodarar: 60