Bjørn Arne Steinsland (nærast) og Dagfinn Fjellet har hatt ansvaret for årets Skjold-lag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Bjørn Arne Steinsland er Skjold sin trener i 2019. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Må på trenarjakt

Kampen mot Vedavåg var den siste med Bjørn Arne Steinsland og Dagfinn Fjellet som trenarar. Nå må Skjold på trenarjakt.

– Det blir for vanskelg å kombinere jobbane våre med det å vere trenarar for a-laget til Skjold. Me har gitt spelarane beskjed i god tid, og dette r noko me har fått full forståing for i klubben. Me har lagt bak oss eit svært positivt år, med mange gode kampar og gode opplevingar. Nå ønskjer me alle i klubben lukke til vidare, seier dei to.
– Me blei informert i haust om dette og har starta sonderinga av nye kandidatar. Akkurat nå har me ingen på blokka, men me er likevel godt i gong. Skjold er ein attraktiv klubb, så me reknar med å ha ein ny kandidat på plass i god tid før treningane tar til, seier Oddvar Hompland i Skjold IL.
Skjold enda på ni sigrar fire uavgjorte og ni tap i serien med trenarduoen, som kjem frå eigne rekker.
– Er det aktuelt neste gong også, Hompland?
– Me går opent ut, så får me sjå. Lista over folk som er aktuell inneheld også kandidatar frå eigne rekker.