– Det er me godt nøgde med, men det er litt kjipt at me ikkje vinn kampen i dag. Den hadde me dei største sjansane i og me ville meist. Men slik er det, og eg trur me skal vere kjempenøgde med dagen i dag, og med sesongen. At me brenn ein straffe på overtid, er sjølvsagt litt bittert, men Espen har skåra på alle dei andre i år, så det får me berre glømme, seier trenar Bjørn-Arne Steinsland.
Den same Helgeland brysta inn 1-0 etter eit flott forarbeid av Jonas Staurland. Då var Skjold gode og hadde full kontroll. Men dei fekk aldri mål nummer to, som kunne punktert kampen.
I staden kom Vedavåg tilbake og utlikna til 1-1 etter ein drøy time. Aleksa Repanovic fikk både ein og to sjansar og fekk til slutt ballen i mål.
Gode
Skjold var gode gjennom heile kampen og viser at laget har tatt eit langt steg i rett retning denne sesongen. Mot Vedvaåg var det jamt godt over heile linja. Også innbytarane Roald Berge og Martin Nordtveit viste godt igjen. Det same gjorde Berge Ohm, som kom inn rett etter pause.
Vats94/Skjoldar og Skudenes rykka ned til 5. divisjon. Hinna rykka opp til 3. divisjon.
PS! Då Bygdebladet tippa korleis det ville gå i 4. divisjon tippa me Skjold på 5. plass. Me hadde alle dei fire på topp også, men i litt annleis rekkjefølge.
Skjold – Vedavåg
Skjold 1 (1)
Vedavåg 1 (0)
4. div. avd. 3
1-0 Espen Helgeland (26)
1-1 Aleksa Repanovic (65)
Dommar: Ole Petter Grindheim, Haugar
Tilskodarar: 70