Leiken utdanning

Det er snart klart for ein ny runde med First Lego League. Dei danske Lego-klossane er framleis like populære som då Kårstø-anlegget blei opna for 30 år sidan.

For etter å ha vore med på omvisning på anlegget, som i desse dagar feirar seg sjølv med både historisk bok og ei spennande utstilling, så kan ein få eit inntrykk av at mange av pionerane frå den første tida må ha vore flinke å bygge lego.
Og samstundes arrangerer Statoil open legodag i Sysco Arena. Dei vil motivere morgondagens kvinner og menn til å vere kreative, komme opp med løysingar og gjere det umulege muleg. Også til slikt arbeid er dei små fargerike klossane eit godt hjelpemiddel.
Nå skal det seiast at min kasse med legoklossar heime, neppe står i stil med det som kan kjøpast i dag. Teckno lego er for lengst blitt ein hit. Det som likevel gjer at det er samanliknbart er gleda over å bygge, få til noko kreativt og eit ferdig resultat.
Ei anna positiv side ved dette er at liten og stor, gut og jente står likt. Det er ingen klasseskilje eller divisjonssystem for å ha det gøy. Rett nok kan ein ta det vidare og tildømes vere med i nemnte First Lego League. Men det er ein konkurranse med langt fleire element, enn berre robotbygging, kjøring og teknikk. Det er ein konkurranse kor viktige samfunnsspørsmål skal løysast av skuleelevar.
Eg trur det er svært viktig for barns utvikling at ein framleis har fysiske gjenstandar som lego å leike seg med. At ein i det moderne samfunnet kan lage «duppedittar» som kan koplast til datamaskinar og liknande er berre positivt, og endå meir motiverande. Men det fysiske er viktig. I ei tid kor færre leikar i skogen og hogger ned trær og bygger hytte, eller bygger steindemningar i små bekker, ja så er faktisk legobitane eit godt alternativ.
Og om det å leike ute høyrest gamaldags ut, så har Lego-konsernet klart å halde stand, til tross for visse økonomiske problem, og vidareutvikla sitt produkt på ein måte at historie og nytid faktisk kan settast saman.
At Statoil ser på dette som ein viktig kunnskapsleik skal dei føresette merke seg. Dei har sett, på Kårstø og andre stader, at kreativitet og løysningsorienterte medarbeidarar kan gi økonomisk suksess. Dei veit av erfaring at kvar einaste tilsett kan gjere noko unikt for verksemda. Og dei har sett at noko så banalt som legoklossar kan vere med å utvikle dette.
Ikkje for å drive reklame for Lego, men at det kan vere ein nyttig ting for unge nysgjerrigperar, kan det ikkje vere tvil om.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør