Varselskott frå Sandved

Måndag kjem Sandved til Frakkagjerd for å spele KM-kamp mot Stegaberg. I går knuste dei Orre 7-1.

Etter ein 1. omgang kor heimelaget leia 2-0, tok det heilt av i den andre omgangen. Det stoppa ikkje før 7-1.
Dei rapportane som ligg ute på Facebook fortel om eit topptent heimelag og eit bortelag som har gitt seg for sesongen.

Kampen på Frakkagjerd startar klokka 19.30.
Sandved er kretsmeistrar om dei slår Stegaberg. Blir det uavgjort må Stegaberg vinne meir enn 7-1 mot Orre. Vinn Stegaberg treng dei eit poeng mot Orre.

KM-sluttspel

Sandved 7 (2)
Orre 1 (0)
KM-spel 5. div
Sandved kunstgress
1-0 Defrim Kocani (21)
2-0 Ingemar Reilstad (41)
3-0 Ingemar Reilstad (57)
4-0 Defrim Kocani (65)
5-0 Asbjørn Skjæveland (75)
6-0 Ingemar Reilstad (77)
6-1 Rolv Magnus Olsen (78)
7-1 Adam Tadeusz Kwasniewski (81)
Dommar: Mattias Sæfvestad, Buøy