– Takk skal du ha Harald. Du har gjort ein stor jobb for Tysvær. Ordførar Sigmund Lier takka av Harald Stakkestad med ein flott tale i kommunestyresalen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
– Takk skal du ha Harald. Du har gjort ein stor jobb for Tysvær. Ordførar Sigmund Lier takka av Harald Stakkestad med ein flott tale i kommunestyresalen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Så var det over…

Harald Stakkestad fekk ein bukett, takka fint for seg og tok plass på galleriet. Ein lang dag var over, og mykje slepte tak, då ordførarkjedet var tatt av skuldrane.

Han sat på ein stol i hjørnet av kommunestyresalen og høyrte den nye ordføraren takka han av. Flotte og fortente ord om korleis Stakkestad har leia troppene dei åtte siste åra. Så blei han henta fram, fekk ein bukett og ståande applaus. Han trekte pusten eit par gonger ekstra, fann ei opning mellom representantane og smaug seg ut. Ut og opp på galleriet. Der skal han i alle fall ha med seg det første kommunestyremøtet på 24 år, kor han ikkje har plass i salen.
Harald Stakkestad har vore ein populær ordførar. Han har hatt sine feider han som alle andre, men har vist ei utruleg evne til å lande på beina. Sjølv då hjarta gav han ein knekk, reiste han seg og gjekk i nye slag for kommunen som han er så glad i. Likevel var det lettelse å sjå då han hadde fått av det blinkande ordførarkjede. Så var det over…
Nå skal ha observere frå «Utsikten» i Aksdal. Være med i fylkestinget og være vår mann der.
Det var ein tydeleg stolt Sigmund Lier som tok over, men han veit han har store sko å fylle.

Alf-Einar Kvalavåg