Arthur Johan Bjørdal og Vassengutane er på veg til Tysvær. Laurdag er det fest i Sysco Arena.
Arthur Johan Bjørdal og Vassengutane er på veg til Tysvær. Laurdag er det fest i Sysco Arena.

Nærmar seg 1000

Sysco Arena er rigga til fest og billetsalet har tatt seg opp dei siste dagane. Nå nærmar ein seg 1000 festglade gjestar til konserten med Vassendgutane.

– Me er ferdig med rigginga og klar til å ta i mot folk. Svært positiv utvikling dei siste dagane, så dette har me stor tru på. Det går ann å få kjøpt billettar i døra, for dei som nølar, seier Ola S. Apeland.
Det skjer noko i hallen heile kvelden og Vassendgutane kjem på scena ein gong etter klokka 22.00.
– Men før det skal det vere skikkeleg bondefest. Eg oppfordrar alle til å ta med seg naboen, for nå er det på tide me får til ein skikkeleg sosial happening i Sysco Arena igjen, seier ein travel Apeland.